Fitjar Treningssenter utvidar tilbodet for å nå fleire alders- og interessegrupper.

– I slutten av april startar arbeidet med ei frivektavdeling. Denne vil kome i første høgda ved sida av kontoret til Ole Bergesen, fortel dagleg leiar på treningssenteret Geirmund Aga til fitjarposten. 

Han fortel vidare at dei har gjort ein avtale med Antidoping Norge, for doping det skal ikkje vere rom for i dette opplegget. Lokalet vil få flotte fasilitetar, og for å sikra eit dopfritt miljø vil det bli uvarsla dopingtestar.

Opninga av frivektavdelinga vil skje i løpet av mai i år.

– I 2. høgda vil det framleis vere apparat- og kondisjonstrening som no, men det vil bli kjøpt inn fleire tredemøller, opplyser Aga til slutt.