22 stykker frå Fitjar Karate Senter var i helga på Karmøy på treningssamling.

For nokon begynte det med trening på fredag ettermiddag, andre kom på lørdag. Då var det to timar trening både lørdag og søndag.

På søndag var det og gradering. 16 stykker frå klubben gjekk opp til gradering. Alle bestod med glans, og kan skryte på seg gult belte:-)

Alle har hatt ei flott helg, og me vil samtidig skryte av våre flotte instruktørar, Sukwinder Koløen og Helge Hystad. Bedre instruktørar enn dåke kunne me ikkje hatt:-)

Helsing Annette Helland