Idretten er dei største brukerane av Fitjar Kultur- og Idrettsbygg, og har i fleire år hatt vaktsystem, koordinert av frivilligsentralen. No ønskjer ein at fleire er med og tar eit tak for å sitja vakt i huset. -Vona er at mange vil melda seg frivillig til å vera med på denne oppgåva, ser Ellinor Bergesen, og fortset:

-Idrettslaget håper på denne måten at ein får eit godt vaktsystem på beina, slik at laget slepp å auka treningsavgifta så høgt at det ekskluderar born og unge å delta i idretten. Det er ikkje keisamt å sitja vakt i bygget. (Det er ein fin anledning til å lesa ei bok, gjera handarbeid, ta med PC og gjera ein jobb –i tillegg til å serva brukerane, og passa på bygget i opningstida).

Bygget er eit spleiselag, og bygdefolket bør stå saman om å halda det ope – og vi ber om at alle er med og tar i eit tak, seier ho.

Vaktene vert delt opp, og ein treng vakter måndag, tysdag og torsdag. Ein må pårekna å sitja mellom 2-3 timar per vakt, men ikkje hyppig. Dersom ein ikkje får eit godt vaktsystem, vil ein anten måtte stenga hallen for bruk for idretten, eller auka avgifta for brukarane til svært høge summar.
-Ein veit frå før at leiinga har fortalt om den økonomiske stoda for bygget, og det er lett å skjøna at å løna fleire folk til vakter vil vera ei uhøveleg ekstrabelastning. legg Bergesen til, og ber folk om å melda seg så snart som mogleg da dette hastar.

Kontakt frivilligsentralen, som har opningstider måndag – torsdag og ekspedisjonstid mellom 10-14 Tlf. 53 49 90 91 eller e-post: frivillig@fitjar.kommune.no