Kostyma til Håkonarspelet er mange og flotte, men dei tek plass – og bør oppbevarast i høvelege lokale. Kultursjef Bente Bjelland etterlyser no ein ny plass for dei.

Ho fortel til fitjarposten.no at ho i morgon, torsdag, skal lære aktuelle personar innan Håkonarspelet korleis dei skal pakka kostyma ned i syrefri emballasje, slik at dei vert lagra på tryggast mogeleg måte. Så treng dei eit tørt, og ganske stort rom, som er lett tilgjengeleg, og som ikkje kostar noko. (Håkonarspelet har ikkje mykje midlar).

– Dersom kostyma fortsett må lagrast der dei har vore lagra til no, vil kvaliteten verte forringa, meiner Bjelland. – Eg såg at det var i ferd med å skje etter førre lagringsperiode, legg ho til.

Kan du hjelpe Håkonarspelet med dette, eller har du tips til rom, kan du kontakte:

Bjørn: E-post: bjha@fitjar.kommune.no  Mobil:990 95 742
Bente:E-post: bebj@fitjar.kommune.no  Mobil: 476 86 208

Illustrasjonsfoto: Frå Håkonarspelet 2014. Foto: Håkon C. Hartvedt