Konsentrasjonsleiren Auschwitz-Birkenau er truleg på lista over stadar klassane skal vitja. Foto: Ingrid Hovstad

9.klassane ved Rimbareid skal på tur med aktive fredsreiser til hausten, og samlar inn pengar til å dekkja ein del av utlegga.

No inviterer dei til basar på Fitjartun søndag 17.februar kl.16.00. Her vert det to åresal, kaffi, kaker og saft.

Dei to klassane skal på tur med aktive fredsreiser til hausten, ein veldig lærerik og spennande tur.

Dåverande 9. klasse ved Rimbareid på tur med aktive fredsreiser i 2009. Foto: Ingrid Hovstad

Aktive fredsreiser lærer ungdommane om andre verdskrig og den kalde krigen, ved å besøkja stadar som konsentrasjonsleirar i Polen og Tyskland, Stasi fengselet og restane av  Berlinmuren.

I tillegg legg ein ofte opp til kulturelt program, med underhaldande aktivitetar inni mellom alvoret.

Elevane håper mange kjem på basaren deira.

Aktive fredsreiser stiller med kunnskapsrike guidar under heile turen. Foto: Ingrid Hovstad
- Annonse -