– Ope hus er i gong etter ferien. Ca. 50-60 unge “snuste” på tilboda sist onsdag, koste seg i idrettshallen, spelte spel, åt pizza og drakk saft eller berre sat og drøste, skriv leiar i Frivilligsentralen, Ellinor Bergesen, til fitjarposten.no.

No vonar ho at fleire vaksne kan tenkja seg å stille som vakter på dette flotte arrangementet.

Ope hus varer frå 18-21.30, og vaktene er todelte med 1. vakt 17.45- 20.00 og siste vakt 20.00-21.45. Det er snakk om å vere vakt 1-2 gonger før jul, og 1-2 gonger etter jul (alt etter kor mange som stiller opp).

– Fint om du melder deg som vakt! Telefon: 53 49 90 91 (man-tors) eller e-post: frivillig@fitjar.kommune.no, oppmodar Bergesen.

Rune Kvilhaugsvik er «primus motor» ved Ope hus og er tilsett i Frivilligsentralen 
i delstilling som dagleg leiar. I tillegg er òg ein barne- og ungdomsarbeidar med på Ope hus.