Ein strålande fitjarfestival er snart over. Mange har gjort ein formidabel dugnadsinnsats. No treng ein folk til å rydda opp på kaien.

Formann i Festivalkomitéen, Harald Rydland, seier til fitjarposten.no at han vonar at alle som har høve til å vera med og rydda møter på kaien kl. 15.00 i ettermiddag.

-Når ein kjem dit, kan ein venda seg til Ronny Korneliussen som koordinerer det heile, seier han.