Arkivbilete: Kjersti Lundal/Fitjar Idrettslag

Sommarferien er på hell, og straks skal skule og fritidsaktivitetar i gong att.

I Fitjar har ein mange fritidstilbod for born alle aldrar, men ein er avhengig av frivillige for å driva tilboda. Vil du vera med å bidra? Fitjar Idrettslag treng nemleg nye instruktørar til begge turngruppene sine.

–  Me tar utgangspunkt i same tider som før ferien: Måndag 17-18 for 4-6 åringane og tysdag 17-18 for 1-3 åringane. Dersom me får to instruktørar til kvar gruppe kan dei ta annakvar veke (då vert det berre to dagar i månaden på kvar), skriv turnleiar Marita Helland.

Ho skriv vidare at for den yngste gruppa vil det i hovudsak bestå av å opna og låsa gymsalen. Ungane i denne gruppa må ha med seg ein voksen, og opplegget vil bestå av fri leik. For 4-6 års gruppa vil det vera fokus på ulike gymleikar og introduksjon til flest mogleg idrettar.

– Send med ein sms på 45 83 20 48, eller mail marita_helland@hotmail.com eller fitjar.idrettslag@gmail.com om du har spørsmål, eller er interessert i å hjelpa til.

Marita Helland håpar at gamle og nye ungar er klare for ein kjekke turnhaust.

- Annonse -