Fitjar kommune ønskjer fleire framlegg til Næringsprisen og Kulturprisen for 2011 og har utvida fristen for å koma med slike til 30.12.11.

– Me veit at det er mange gode kandidatar der ute. No gjeld det berre at folk sender inn framlegg om desse, seier kultur- og informasjonssjef Bente Bjelland til fitjarposten.no.