Fitjar Festivalen er på jakt etter vaksne over 18 år som ønskjer å gjera ein jobb under festivalen.

Det meste er på plass, men me har fortsett nokre plassar der me treng folk. På laurdag treng me mellom anna 4-6 personar til vakt/sal i Kultursalen, etter hovudkonserten, under konserten med Revivals kl. 22.00 -03.00. Hugs at dette òg er ein del av hovudkonserten, og at dei som melder seg dermed får fri entre på denne.

Også på søndag, under lunsjen, treng me eit par personar.

Veldig flott om nokon melder seg.

Kontakt Ole Bergesen på tlf. 941 32 310 for ytterlegare info.