Det har vore ei fantastisk dugnadsånd i samband med fitjarfestivalen. Og festivalleiar Roy Tore Torvund kjem nok til å koma med nokre takkens ord om det seinare. Akkurat no treng han ekstra hjelp.

Det gjeld i første rekkje nedrigging av alt utstyret som har vore i bruk.

– Så har du høve og lyst til å ta del i den avsluttande dugnaden, kan du møta på kaien ved Sjøsio klokka 16.00 i ettermiddag, seier festivalleiaren.