Alaa med leiar for Frivilligsentralen, Ellinor Austad Bergesen. Arkivfoto: Kjetil Rydland.

Mange kjenner nok kanskje på uro og einsemd i desse koronatidene, då er kanskje ein telefonven det som skal til for å lysa opp dagen litt.

Fitjar Frivilligsentral vil no starta opp med telefonven. Ei teneste for dei som ynskjer å snakka med nokon.

– Du kan ringa til 971 43 785 om du ynskjer nokon å snakka med. Telefonen er open mellom kl. 10.00 – 15.00. Du vil få ein person mellom 18 og 80 år til å tala med, opplyser ordførar Harald Rydland i ei pressemelding.

Om du ynskjer å vera telefonven kan du melda deg til Fitjar Frivilligsentral.

– Du vil få i oppgåve å ringa ein sambygdin 1-2 gognar i veka, eventuelt fleire personar om det passar for deg. Du kan få tips til samtaleemner av oss. Telefonvener må underskriva teieplikt, opplyser Fitjar Frivilligsentral på sine heimesider.

Frivilligsentralen fekk i førre veka 50.000 kroner frå Fitjar Kraftlag. Dagleg leiar Ellinor Bergesen uttala at pengane kjem vel med slik at dei kan takka dei frivillige i Fitjar til hausten.

– Det er so utruleg flotte folk i Fitjar. Dei er alltid klare til å ta i eit tak, men me har alltid plass til fleire, sa Bergesen.