Geir Tore Søreide har fleire namn på blokka, og reknar med å ha assistenttrenarane på plass om kort tid. Foto: Kjetil Rydland.

Geir Tore Søreide i fotballgruppa melder at Stein Gunnar Halleråker trenar Fitjar Idrettslag sitt A-lag neste år, medan Rune Brakedal trenar juniorlaget.

Det er ein oppglødd Geir Tore Søreide som fortel at to viktige brikker er på plass før neste sesong. Stein Gunnar Halleråker har hatt stor suksess med damelaget dei siste åra. Dei har vunne puljen sin fleire år på rad, og i fjor vann dei krinsmeisterskapen i 1. divisjon sjuarfotball i Hordaland. Rune Brakedal har vore med i A-lagsteamet tidlegare, og dei siste åra har han vore trenar for gutelaget, ein gjeng han har følgt oppover i mange år. Både Stein Gunnar og Rune vil få med seg kvar sin assistent. Kven dette blir er ikkje heilt klart, men om kort tid vil Geir Tore kunna offentleggjera dei namna òg.

Stein Gunnar Halleråker seier han gler seg til å ta fatt på neste sesong. Den organiserte treninga startar rett over nyttår 2010, måndag 4. januar. Men allereie fk. tysdag kl. 19.30 inviterer han alle som har ambisjonar som A-lagsspelar eller juniorspelar til å møta opp på kunstgraset. Der blir det ein del informasjon om «rikets tilstand», og så vil det bli spela ein intern kamp.

Geir Tore Søreide seier at fotballgruppa har fått tak i to svært habile trenarar, og resten av apparatet rundt desse to laga vera på plass i løpet av kort tid. Han ser derfor ingen grunn til at Fitjar ikkje skal oppnå målsetjinga neste sesong; A-laget skal rykkja opp igjen til 5. divisjon allereie i 2010.

Geir Tore Søreide har fleire namn på blokka, og reknar med å ha assistenttrenarane på plass om kort tid. Foto: Kjetil Rydland.

legal anabolic steroids