Kva med ein joggetur rundt Vestbøstad? Her er ordførar Harald Rydland og Maren Rydland i akjson under Fitjardalten i fjor. Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Er du Fitjarbu eller jobbar i ei Fitjar-verksemd kan du vera med på «sykle til jobben». Kampanjen skulle starta i april, men er utsett grunna koronapandemien. No har dei lansert førkampanjen «Heimegym».

– Som følge av Covid-19 utsetter ein Sykle til jobben kampanjen fram til 19. mai. Kampanjen vil vara til 30. juni, og vil ha dei same konkurransane og utfordringane som planlagt.

Les ogso: Fitjar kommune vil ha innbyggjarane i aktivitet, og spanderer innmeldingsavgifta.

For å bidra til samfunnsdugnaden har kampanjen rigga til ein ny aktivitetskampanje. Fitjar kommune spanderer framleis innmeldingsavgifta for alle Fitjarfolk som vil delta.

– Kampanjen Hjemmegym har som mål å skape samhold, motivasjon, treningsglede og inspirasjon. Kom deg i aktivitet og få meg deg venner, kollegaer og familie. Kampanjen legger utelukkende opp til aktivitet i henhold til myndighetens retningslinje, skriv bedriftsidretten, som står bak kampanjen.

Dei fortel at ein får poeng til all aktivitet, og oppmodar folk til å tenka kreativt. Kva med å trena med heile famillien, eller ei økt med ein venn over skype?

– På heimesida vår kan de finna treningstips, og sjå premiane ein kan vinna, skriv kampanjen.

Påmelding finn du her, og er du påmeldt til «sykle til jobben» er du allereie påmeldt.