Torsdag kveld gjennomførte Ole Bergesen og Rune Brakedal den tradisjonsrike trekninga for vintercupen i fotball på Fitjar.
Fitjarposten var til stades under den dramatiske trekninga, og kan gjengi resultatet her.
Første kampen går fredag kveld kl. 18.00 mellom Vestbøstad og Øvrabygdo. I herreklassen opnar Vestbøstad og Stratos kl. 18.30. Så går det slag i slag fredag kveld og laurdag føremiddag. Finalane blir spela laurdag ettermiddag kl. 15.00 (damer) og 15.30 (herrar).
Oversikt over herrekampane fredag kveld. Foto: Kjetil Rydland.
Ole Bergesen konstaterer at cupen startar fredag kveld med damekampen mellom Vestbøstad og Øvrebygda. Foto: Kjetil Rydland.