Torsdag kveld gjennomførte Ole Bergesen den tradisjonsrike trekninga for vintercupen i fotball på Fitjar, og fitjarposten.no kan gjengi resultatet.

Fitjarposten var som vanleg til stades under den dramatiske trekninga på Fitjar Fjordhotell.  Første kampen går fredag kveld kl. 18.00 mellom Stratos og Fitjarstølane, i herreklassen. Damene opnar kl. 19.00 med kampen mellom Øvrabygdo og Resten. Så går det slag i slag fredag kveld til kl. 21.00, og startar opp att kl. 10.00 laurdag føremiddag.

I herreklassen er det i år berre med sju lag. I puljespelet blir herrelaga delte inn i to puljar. Dei spelar serie, og alle laga får fire kampar. Dermed får ikkje alle møtt alle motstandarlaga i innleiinga, men fire av seks lag. Dei to beste i kvar pulje går til semifinale, medan dei tre dårlegaste laga er ute av dansen. I dameklassen blir det spela serie i innleiinga, slik at alle møter alle. I semifinalane møtest lag nr. 1 og 4, og nr. 2 og 3.

Begge finalane blir spela laurdag ettermiddag kl. 15.00.