Fotballgruppa har trekt vinnarar i Scoringsklubben 2012, og vinnar av gåvekort på 1000 kr blei Thomas Vestbøstad Waage.

Sjeldan har vel ein premie hamna i meir rette hender; Thomas er identisk med tidenes toppscorar på A-laget til Fitjar. Gåvekortet hos Varehuset Rydland var altså svært velfortent. I tillegg till førstepremien blei det trekt ut to gåvekort på 500 kr, eitt til Ole Træet og eitt til Arve Levåg.

Scoringsklubben er eit av dei tradisjonelle inntektsbringande tiltaka i fotballgruppa. Medlemmene forpliktar seg til å betala 5 kr per mål som A-laget scorar i serien, men maksimalt 300 kr for heile sesongen. I fjor scora A-laget mål i bøtter og spann, noko som gav 300 kr i kassen frå kvar betalande medlem i Scoringsklubben.

Thomas Vestbøstad Waage scora i fjor brorparten av måla for Fitjar i serien, og bidrog såleis til inntekt for fotballgruppa. Derfor var det ikkje meir enn rett og rimeleg at han denne gongen var heldig og vann førstepremien på 1000 kr i Scoringsklubben.