-Som tidlegare år, blei det også i år gjort trekning på bøkene frå Øvrebygda Vel Lag, som ligg på toppen av Surefjedlet og Osphovda (flasko), fortel Kjell Korsvik til fitjarposten.no

 
Vinnarane i år blei på Osphovda (flasko):

1. premie: Aud Helen Westerheim. Pledd.
2. premie: Gunnbjørg Maraas. Fruktkorg.
3. premie: Hildegunn Strand. Refleksvest og bøff.

Toppen av Surefjedlet:
1. premie: Mads Olsen Vik. Pengepremie.
2. premie: Per Vestbøstad. Refleksvest og bøff.

-Me vil gjerne og nytta høvet til å takka dei som har støtta laget med premiar og midlar, seier Korsvik, og reknar opp:
Fitjar Kraftlag
Engevik & Tislevoll
Odd Larsen
Wärtsilä
Fitjar Kommune

I 2013 var det 860 som skreiv seg i boka på Surefjedlet og 2345 i boka ved flasko.