-Det vert nok ikkje avklaring før på måndag. Det er alt eg kan seie no, seier styreformann Helge Møgster i ein kommentar til Fitjarposten.no om korleis det går med Fitjar Mekaniske.

Han let oss imidlertid forstå at det stadig vert arbeid med saka, og at det fortset handlar om å skape grunnlag for vidare drift i selskapet.