– På dagens styremøte i Sunnhordland Bru- og Tunnelselskap AS vedtok styret at siste innkrevingsdag i Trekantsambandet vert 30. april 2013 – anlegget vert dermed gratis frå denne dagen, heiter det i ei pressemelding som tikka inn til oss i kveld.

– Det at anlegget vert gratis, nøyaktig på 12-årsdagen etter opninga, vert ein historisk dag for regionen, uttalar arbeidande styreleiar Pål Kårbø.

Selskapet vil, i samarbeid med andre aktørar, laga ei markering som vil få fram den regionale effekten av prosjektet.

Praktisk informasjon til alle kundane i Trekantsambandet, som omhandlar avslutning av abonnement, vidareføring eller oppretting av nye avtaler i andre anlegg, vert sendt ut i god tid før nedlegging.

Denne informasjonen vert òg offentleggjort i lokalpressa. 
Fram til stengingsdagen bør kundane halde fram med å betala inn forskudd, då alle vil få tilbakebetalt det dei har uteståande hos selskapet etter nedleggingstidspunktet, heiter det vidare i pressemeldinga.