Med fitjarelevane i 9. og 10. klasse som målgruppe, arrangerer Fitjar Næringsråd eit treff der næringslivet i Fitjar, og delvis i nabokommunane, får høve til å presentere dei dei har å by på av spennande arbeidsplassar.

Treffet finn stad i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg måndag kveld, og leiar i Fitjar Næringsråd, Odd Sverre Larsen, opplyser til fitjarposten.no at målet er å få flest mogleg av fitjarungdomane til å koma heim til Fitjar, etter endt utdanning.

Kvar innleiar har fått fem minutt til å presentere seg på, og dei me får høyre er Vik-Sandvik AS, Engevik & Tislevoll AS, Fitjar kommune, LMT, Aker Solutions og Eidesvik AS.

Etter presentasjonane vil det vere matøkt og myldring der deltakarane kan få møte representantar frå dei einskilde bedriftene, og skulane,  som er til stades. Arrangementet startar kl. 19.00 og ventast å vere ferdig kl. 22.00