Ingve Andrè Strand endte som nr. 3, og Håvard Helland som nr. 5, i NM -runden i crosscart på Finnskogbanen i helga.

Sigurd Andrè Maraas skriv:

"Ingve drog inn 3. plassen og Håvard 5.plassen på lørdagens NM runde.
I sprint løpet på søndagen fikk Håvard 5.plass, Ingve måtte sjå søndags løpet frå tribunen etter at tidenes oljelekasje hadde satt ein effektiv stopper for han.

Det var ei fin helg på tur, med 32 grader i skyggen der nede i Solør. Det blei dessverre fototekniske problem, så me har ingen bilder derifrå, denne gonge.

Håvard har no etablert seg i toppen i crosskart, med heatsigre og alt, og det er jo me i teamet kjempenøgde med. Ingve er allereie i toppen, og etter to NM runder ligg han framleis på 3. plass totalt, men berre to poeng bak han som leder NM i crosskart, så dette er spennande.

I tillegg så ligg Håvard på lur nokre få poeng bak Ingve. Og han kan lett lure seg inn blant dei  fire beste når sesongen er over.

Skuffelsen hos Ingve var stor da han etter og ha feira 3.plassen på laurdagen, oppdaga ei sprikke i motorblokka, som oljespruten sto ut av, han fikk derfor ikkje køyre søndagens 1. runde i Sprintcupen.

Motoren hans er allereie ute og får profesjonell hjelp, takka være våre sponsorar som er med på laget, utan dei hadde me ikkje kunne aksjonert så raskt og fått fiksa motoren.

På dei fire første plassane i kampen om NM-tittelen så skil det no berre 4 poeng, så det er ein hard kamp om plassene i denne greina av motorsporten.

Besøk gjerne vår hjemmeside som er www.vhs-motorsport.com for mer informasjon om våre sponsorar, der finn du og oppdaterte nyheter om ting og tang som skjer i Fitjar Racing Team.

Me kjem sterkere tilbake i den 3.NM runden som går av stabelen i Bergen 21.juni.
Og me oppfordrar alle til og ta turen inn til Eikås motorsenter i Åsane i Bergen denne laurdagen, og vise østlendingane at supportarar frå Vestlandet stør opp om sine eigne førarar.