– er vel å ta for hardt i. Men familiefjelldagen til Fitjar Idrettslag blei velsigna med fint ver og blei vellykka for dei om lag 40 deltakarane.

Søndag morgon vakna fitjarbuen til eit skrekkeleg torever, og det var nok mange som tidleg slo frå seg tanken om fjelltur. Styret i fitjar Idrettslag var og inne på tanken om å avlysa pga. dystre verutsikter.

Men etter kvart skein det opp, og det blei ideelt turver dei timane idrettslaget hadde bruk for det. Om lag 20 ungar, og nesten like mange vaksne, blei med på turen opp til Olstjødno. Og for desse blei turen svært vellykka. 

Langs vegen opp til Olstjdno var det sett opp 6 postar, der deltakarane skulle registrera seg. Halvvegs oppe låg ei røys med bork – emne til båtar. Og knivar til låns for dei som hadde lagt speidarkniven igjen heime.

Oppe ved Olstjødno hadde Frode Kloster sett opp lavvo og sett på kaffikjelen. I elva frå Olstjødno og nedover blei det konkurransar med borkebåtane. For dei 40 deltakarane som ikkje hadde mist motet i morgontimane blei turen ein suksess; regnet kom ikkje før dei var nesten nede i bilane att.