Konkurransar, loddsal, song, åresal og brenning av trebåtar stod på programmet då det vart invitert til nordeuropas største, og sikkert einaste, trebåtbrennefestival på Fitjar i helga.

Neset, eller Skumsnes som folk i sentrum kallar det, ligg ved ein blindveg ytterst i Osternes med utsikt mot Fitjar sentrum. Annonsering av festivalen med plakatar i heile bygda tilsa at målgruppa var større enn berre dei som budde i gåavstand frå festivalområdet .

Då eg sette meg i bilen og skulle køyra frå sentrale strøk mot utkant-Fitjar tidleg laurdag kveld for å oppleva denne unike festivalen opna himmelens sluser seg, sikten vart dårleg, vindusviskarane måtte stå på raskaste hastighet, det var stor fare for vannplaning og eg tok til å frykta eg var ute på bomtur. Det kunne ikkje vera råd å få fyr på noko som helst i dette veret. Fullt oljehyre var det einaste antrekket som dugde då eg forlot bilen og bevegde meg til fots nedover mot Nese-vågen, på flott utmarksveg murt opp av steinar i tider då rydding med handmakt hadde stor verdi. Festivalområdet var ein fin grøn bakke i strandkanten og like over flo sjø låg det to trebåtar oppå kvarandre, fylt med brake og anna rask.

Omkring 40 personar innløyste festivalpass og Kristian Skumsnes ynskte velkomen til den unike Trebåtbrennefestivalen som vart arrangert for å ta farvel med to gamle travarar. Mykje stod på programmet så det var godt kvelden var ung. Regnet tok slutt, skodda jagde oppover fjellsidene og myggen tok til å bita i det eggekast-konkkurransen starta. Ein spennande konkurranse der taktikken vart utvikla utover i konkurransen. To og to på lag. Ein kastar og ein mottakar som kledde seg i eigna kledning. Egga som skulle kastas var rå. Ein starta med kort avstand mellom kastar og mottaker, kanskje fem meter, auka etter kvart og var med så lenge egget var heilt. Det var overraskande mange flinke egge-kastarar og -mottakarar blandt dei vaksne festivaldeltakarane, og ein skal ikkje sjå vekk frå at nokon oppdaga at  dei hadde eit skjult talent her. Etter mykje eggerøre vart klare vinnarar kastar Ole Johnny Tufteland og mottakar Geir Arne Solbakken. Om eg ikkje tar heilt feil var deira vinnarkast på heile 16 meter og dei knuste med det alle motstandarane med stor margin. For dei som lurde på om vinnarlaget hadde fått eit hardkokt egg vart det avkrefta då Ole Johnny og Geir Arne prøvde seg på 18 meter og måtte sjå egget verta knust i den flotte steingarden som avgrensa konkurranseområdet.

Det var varme på grilliane og folk benka seg rundt omkring i naturen. Grillmaten hadde festivaldeltakarane med seg sjølv, men Nils Magne Skumsnes sørgde for å steika store mengder nypoteter som tilbehør. Alle som hadde betalt festivalpass fekk gratis brus frå bruskonge Kristian Skumsnes. Det var desse to Skumsnes-karane som stod bak festivalen og som hadde planlagt og ordna alt humoristisk og flott.

Det var knytta stor spenning til songen til Nese-kvartetten, som skulle lydsetta båt-tenninga. «Dar brenn båten» song dei av full hals, men sjølv om tonane og pausane vart dregne godt ut var det langt frå fyr på båtane på den stunda den spesialskrevne songen varde. Heile bakgrunnen for festivalen var at ein skulle ta farvel med to gamle travarar frå Skumsnes, to gamle trebåtar som nok har sørgd for mang ein matbete på borda på Neset opp gjennom åra. Godt vasstrukne som dei var etter all nedbøren ville dei ikkje gje seg med det same, men med mange arbeidskarar i sving og sterke saker til hjelp vart det til slutt fyr på båt-bålet, nedanfrå og opp. For det var litt av utfordringa, festivalleiinga ville at båtane ikkje skulle brenna ned men opp.

Med god fyr på bålet var det klart for åresal. Dei hadde samla saman alt dei fann av gamle årer på gardane på Neset. Treårane vart selt for 50 kroner stykke, og det vart lokka med nokre fine gevinstar.

Det var tid for dei yngste å takka for seg, sjølv om det stod endå  meir på programmet og festivalen var langt frå over. Årene skulle trekkast og av mangel på pala i havet til paleløpet skulle det vera ekstremroing-konkurranse og kanskje meire til. Kva meir kvelden og festivalnatta vil bringa veit eg ikkje, for eg tok fylgje med ungane oppover.

Ein magisk eingongsfestival stod det på plakatane. Det kunne ei stund sjå ut som festivalen måtte gjentakast for at ein skulle verta kvitt båtane, men då dei til slutt sto i full flamme blir det nok som det vart sagt, ei eingongsoppleving, for dei har ikkje fleire båtar dei vil kvitta seg med på Neset. Men at det vert andre typar festivalar i området andre år skal ein ikkje sjå vekk ifrå, for det var heilt tydeleg at både naboar og andre festivalgjester likte å samlast på denne måten, og arrangørane har nok endå mange idear og mykje humor på lager, om  me kjenner dei rett.