Etter at naboar gjentekne gonger har klaga på mopedråkjøring i Fitjar sentrum gjekk politiet til aksjon onsdag kveld. Tre tenåringar vart tekne for ulovleg trimming av mopedar.

– Det vart fangst, kan ein sei. Tre trimma mopedar vart stoppa, fortel operatør Johan Inge Særsten ved Sunnhordland og Haugaland politidistrikt, til bt.no.

Mopedførarane var gutar i alderen 16 til 18 år. Alle må betala førelegg på 4.200 kroner. I tillegg har politiet inndratt mopedane.

Politiet er trena i å avdekka trimming, og har ingen problem med å sjå at mopedar er blitt tukla med, opplyser Særsten til bt.no.