Eit tre deiste overende på Tveita, og takheller vart riven laus på Fitjar bedehus og aluminiumsplater bles vekk under stormen i natt.

-Eg kunne sjå at vinden hadde stokka om og rive laus fleire takheller på oppsida av Fitjar bedehus i dag, skriv ein av våre lesarar.

Og i politiloggen skriv operasjonsleiar Torger Stødle ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, at dei Kl 0400 i natt fekk melding om eit tre som sperra delar av rv 545 ved Tveita. Vegvesenet vart varsla, og treet er truleg fjerna no.

Kulturhuset òg

-Me har hatt skader på Fitjar Kultur og Idrettsbygg òg. 5 aluminiumsplater på vannborda våre i sør er blese bort. Me har funne att 3. Dersom nokon skulle ha fått besøk av dei to siste platene er me glade for å få dei att, skriv Agnar Aarskog i ein e-psot til oss.