Wärtsilä Shipsdesign på Fitjar har nyleg signert kontrakt på design av fire svært spennande fartøy.

Dei mest spektakulære er ein serie på to nyskapande, svært avanserte, rørleggingsfartøy for operasjonar i Brasil. Skipa skal byggjast i Sør-Korea, og eigar og operatør er eit fellesføretak mellom eit fransk (Technip) og eit brasiliansk (Odebrecht Óleo og Gás) industriselskap. Det koreanske verftet (Daewoo Shipbuilding & Marine Engineering) er eit av dei største i verda.

Fartøya går rett inn i langsiktig kontrakt og skal arbeida for Petrobas i brasilianske farvatn. Fartøya, som har svært høg rørleggingskapasitet, er vidare utforma for å bruka optimalt lite drivstoff. Skipa vil i hovudsak verta nytta til å installera kontrollkablar og fleksible rør som koplar undervassbrønnar til flytande produksjonseiningar i farvatn med djupne på meir enn 2500 meter.

– Kontrakten er ei ytterlegare tillitserklæring på Wärtsilä sin leiande posisjon innan shipdesign hos eit av verda sine største skipsverft, seier direktør Ove Wilhelmsen i Wärtsilä Shipdesign Norway, avdeling Fitjar.

Supply

Den andre kontrakten gjeld ein supplybåt som Wilhelmsen kallar ein skikkeleg allrounder arbeidshest. Eit plattform-supplyskip. Det skal designast for J.J. Ugland og byggjast på verftet Klaven Maritime.

Trålar

Wärtsilä har vidare signert ein prekontrakt for design av ein ny fiskebåt til det danske rederiet Gitte Henning. Ein båt som vil verta dei danske fiskarane sitt nye flaggskip. Båten har ein lastekapasitet på 3200 tonn og er ein rein pelagisk trålar, noko som vil seia at han hovudsakeleg skal fiska stimfisk som sild, makrell, kolmule og liknande. På grunn av at danskane har andre reglar enn Noreg, kan lastekapasiteten ha eit slik omfang som nemnt ovanfor. Største lastekapasitet for norske båtar er 1000 tonn lågare.

Alt i alt er kontraktane verdt mange titals millionar, utan at direktør Ove Wilhelmsen vil gå ut med kor mange. Men ordretilgangen i år seier han seg svært godt nøgd med.

– Dei mest optimistiske prognosane me hadde for dette året har slått til, smiler han.