Vegen i Dåfjorden blei sperra av rotvelta graner i ettermiddag.

Det er Per Steinar Leirvik som fortel dette til Fitjarposten. Fleire graner velta i den sterke vinden og sperra vegen rett ovanfor myr – for dei som er lokalkjende. Vegen var stengd i rundt 45 minutt før han blei rydda av lokale folk, fortel Per Steinar Leirvik.