Det har meldt seg tre søkjarar til rektorstillinga ved Rimbareid skule. Når det gjeld rektorstillinga på Sælevik skule, vil det bli ny utlysing, melder skulesjef Edvin Aase til fitjarposten.no. Dei tre søkjarane til rektorstillinga på Rimbareid er: Bjørn Haaland, Anne Sissel Mugaas og Siv Grethe Stamnes. Tilsetjing vil skje før 1. april.

Når det gjeld tilsetjing av ny rektor på Sælevik skule, får me koma tilbake til det. – I første omgang vert det ny utlysing med von om å få fleire søkjarar, seier skulesjef Edvin Aase til slutt.

Dei nye rektorane tek over etter Svein Kåre Meling (Rimbareid skule) og Onar Westerheim (Sælevik skule) som begge takkar av etter dette skuleåret.