I vinden på Husens fredag kveld kjempa Øyvind Fykse Lie og dei andre A-lagsgutane seg til 1-0 over Trio.

Bortekampen mot Trio fredag kveld var kampen Fitjar absolutt måtte vinna. Elles hadde det blitt ein uinteressant haust for A-lagsfotballen i Fitjar. Dette er A-lagstrenar Kjell Træet heilt klar på. – Med 10 poeng opp til Trio ville løpet vore kjørt, seier han.

Men desto kjekkare var det å lukkast på Husnes Stadion i denne sekspoengskampen. Trio viste seg ikkje som noko storlag, bortsett frå dei første 10 minutta av kampen. Etter at Fitjar hadde ridd stormen av, fekk dei etter kvart bra kontroll. Sigersmålet kom etter 18 minutt, på eit fantastisk frispark ved Øyvind Fykse Lie frå nærmare 30 meter.

Kjell Træet og gutane hans rekna med å få kjørt seg i motvinden i andre omgang. Men så skjedde ikkje. Trio-spelarane klarte ikkje å halda ballen nede langs bakken, og ofte gjekk ballen til utspel frå mål. Etter kvart gjekk dei fysisk sterke heimelagsspelarane sure. Bortsett frå eit stolpeskot hadde Fitjar kontroll.

Fitjar-trenaren rosar heile laget for ein god forsvarskamp. Og no vågar han så vidt å ta ein kikk på tabellen for 4. divisjon. Fitjar har vunne tre av dei fire siste kampane, og med eit par sigrar til vil dei få heng på laga midt på tabellen.

Trio – Fitjar 0-1
Seriekamp 4. divisjon, menn
Husnes Stadion, fredag 21. august

Fitjar sitt lag:
Oddgeir Træet, Emil Fitjar, Helge Træet, Torbjørn Korsvik, Sander Tverborgvik, Kjell André Thorland, Øyvind Fykse Lie, Mats Brakedal, Badi Hurasi (Mats Westvik 83.), Jonas Tislevoll (Sebastian T. Thomassen 75.), Thomas Vestbøstad Waage (Frode Malkenes 89.).

Mål: 0-1 Øyvind Fykse Lie (18.)

Gult kort for Fitjar: Torbjørn Korsvik

Dommar: Bjørn-Ketil Olsen, Hovding, TIL