Fitjar vann den hektiske 5.-divisjonskampen mot Vadmyra 2 med 1-0 søndag ettermiddag.

Oppladinga til kampen var ikkje den aller beste. Spelarstallen har blitt noko tynnare utover hausten, og i byrjinga av veka, blei juniorlaget trekt frå serien. Med skade på Helge Træet og eit par andre forfall i løpet av helga kunne det sjå litt spøkje ut før bortekampen mot Vadmyra 2. Berre 13 friske par fotballbein stilte opp på kunstgraset til Vadmyra i Loddefjord. Men det synte seg etter kvart at alle desse beina var svært så friske. Dei unge Fitjar-gutane fekk snart eit overtak på heimelaget, som bestod av større og sterkare spelarar med 6-8 år meir på baken.

Etter berre 13 minutt kom scoringa som skulle avgjera kampen. Øyvind Fykse Lie la eit frispark fint inn i feltet til Vadmyra, og Jan Åge Tislevoll og heada ballen pent i mål. Ei velfortent leiing til Fitjar, og den kunne lett blitt større. Dei dominerte banespelet, og me noterte fleire fine skotforsøk Kjell André Thorland og Øyvind Fykse Lie. 

Då laga gjekk til pause med Fitjar-leiing, hadde bortelaget hatt rimeleg kontroll heile vegen. I andre omgang opna kampen seg litt meir opp, sjølv om Fitar hadde det meste av banespelet og dei fleste sjansane. Fitjar heldt fram med å kontrollera midtbanen, der dei hadde sine beste spelarar. Øyvind Fykse Lie har vore ei markert forsterking etter at han kom tilbake til Fitjar i sommar. I går fekk han god hjelp av Kjell André Thorland og storebror, Sondre Fykse Lie. Alle dei tre sentrale midtbanespelarane var ballsikre, og gjorde det meste rett. Dermed gjorde dei resten av laget tryggare, og skapte mykje frustrasjon for Vadmyra-spelarar som blei springande imellom.

Kontrollen over midtbanen, og frustrasjonen til heimelaget, blei nok avgjerande for utfallet av kampen. Etter kvart blei Vadmyra-spelarane svært vanskelege å ha med å gjera for den unge, gode dommaren Sivert Amland frå Fana. Tøft spel og mykje kjeftbruk blei etter kvart belønna med fire gule og to raude kort. Dermed gjorde Vadmyra-spelarane det litt enklare for Fitjar å ro sigeren i land.

Sjølv om Fitjar stod for det klart beste spelet, kampen igjennom, hadde også heimelaget sine sjansar. Spesielt skumle var dei på lange innkast inn i Fitjar-feltet, og på kjappe framspel i midten til lettbeinte og sterke spissar. Men alt i alt var sigeren til Fitjar vel fortent, sjølv om det blei både vått og hektisk på slutten. Midtbanetrioen er nemnt, elles utmerkte heile laget seg med jamt god innsats. Eit ekstra pluss må naturlegvis gå til keeper Oddgeir Træet, som redda eit par hundreprosentsjansar. 

Etter sju poeng på tre første haustkampane har Fitjar fått god avstand til botnstriden. Laget ligg behageleg plassert på 5.-plass i 5. divisjon, med sine 20 poeng. Det er berre 5 poeng opp til Søre Neset som er nummer to, men trenar Stein Gunnar Halleråker seier dei må vera fornøgde med ein plass på øvre halvdel av tabellen.