Rådmann Olaug Haugen melder i dag om eit nytt smittetilfelle i Fitjar.
– Me har i dag, 2. mars, fått melding om eitt nye smittetilfelle som er knytt til Fitjar kommune. Dette gjeld importsmitte og arbeidarar som skulle i arbeid på Fitjar Mekaniske Verksted. Testing, isolering, smittesporing og karantenetiltak er gjennomført. Den smitta er isolert og tre nærkontaktar er i karantene. Det er ikkje påvist kontakt med personar på verftet eller i lokalsamfunnet i Fitjar.
Det førre smittetilfellet i Fitjar vart registrert 19. februar.