Tre bilførarar fekk beslaglagt førarkortet sitt ved ein politikontroll ved Eide i går kveld.

Det var mellom klokka 18 og 20 fredag kveld at uttrykningspolitiet hadde fartskontroll på E 39 ved Eide. -Resultatet blei at tre sjåførar mista lappen, mens ein fekk førelegg, opplyser operasjonsleiaren ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt til Fitjarposten.no.

Han kunne elles kome med ei gladmelding: Ikkje nokon meldingar frå verken Fitjar, Stord eller Bømlo eller i natt.

Det er såvisst ikkje kvar laurdagsmorgon dei kan seia det.