I dag er det tre grunnar til å lage litt ekstra ståhei. 14. februar er det både fastelavn, valentinsdag og morsdag.

AV: NPK

For ti år sidan fortalde statistikk-eksperten Bjørn Auestad oss kva som vil skje på denne søndagen. Han hadde rekna ut sannsynet for at dei tre merkedagane fell på same dag.

– Det skjer berre mellom tre og fire gonger i løpet av 100 år, sa førsteamanuensen ved Universitetet i Stavanger i eit intervju med NRK i februar i 2010.

Han fortalde at førre gong dette skjedde var i 1999 og at neste gong blir i 2083.

Hjartedagen

Morsdagen er meint som ein heidersdag for mødrer. Skikken starta i USA tidleg på 1900-talet der han vart arrangert av religiøse organisasjonar, ifølgje Store norske leksikon. Her i landet vart den første morsdagen arrangert i ei metodistkyrkje i Bergen i 1919. I dag blir morsdagen feira andre søndag i februar. Datoen er ulik i alle land.

Nokon vel kanskje heller å feire valentine-dagen, også kalla Alle hjarters dag. Den skal tradisjonelt feirast med merksemd med blomster, kort eller kanskje konfekt – til ein du vil gjere ekstra stas på.

St. Valentin har bakgrunn frå Den katolske kyrkja. Feiringa i Noreg har likevel ikkje røter tilbake til Den katolske kyrkja. Til liks med morsdag er valentinsdag ein skikk som er påverknad frå USA.

Fastelavnsbolle

Då kan det vere greitt å vite at fastelavn er den einaste av dei tre merkedagane som ikkje har opphavet sitt frå over dammen.

Den har overlevd sidan katolske tider og går mange hundre år tilbake. Ei rekkje med ulike tradisjonar og skikkar har vorte vidareførte til vår tid.

I dag kjenner vi matretten som fastelavnsbollar og nokon har pynta med fastelavnsris. Bjørkeriset skal ha tradisjon tilbake til ein heidensk fruktbarheitskultus.

Fastelavn var opphavleg kvelden før oskeonsdag som innleidde 40 dagars faste før påska. Men etter kvart vart fastelavnen tre festdagar som innleidde fasta, nemleg fastelavnssøndag, blåmåndag og feitetysdag.