– Aldri før har så mange Fitjar-lag tatt turen til Lærdal og årets veterancup, som blir rekna som eit uoffisielt NM, fortel Ole Bergesen til fitjarposten.no.

– Superveteran +50 med Fitjar sin tidlegare legendariske midtstoppar Roald Magne Nilsen fer av garde. Med seg har dei òg eit veteranlag +40 der ein mellom andre finn tidlegare storspelarar som Victor Aga, Rune Brakedal og Arve Havnerås, fortset Bergesen.

Han fortel vidare at nytt i år er at òg damelaget fer av garde med Fitjar Gold Girls, som skal spele i den yngste Old Girls klassen. Her er stamma det laget som vart krinsmeistrar for eit par år sidan, med Anne Helene Vestbøstad, Britt Lise Volden og Anne Kristin Skår for å nemne nokon. Desse skal få bryne seg på lag som Sandviken med Gro Espeseth, Arna Bjørnar og fleire. Her får ein verkeleg målt krefter. Dei som kjenner til kvalitetane til dette laget, veit at dei på ein god dag kan slå kven som helst.

Herrelaga i begge variantar får møte Brann på sin veg mot eventuelt finalespel. Der vil namn som Kjell Rune Pedersen og Anders Giske vere med på det eldste laget, mens ei gammal legende som Trond Egil Soltvedt vil vere med og prege det yngste laget. Bærum med Stig Inge Bjørnebye vil òg vere ein av motstandarane som det yngste herrelaget må stri med.

Fitjar er representert for 6. året på rad i turneringa og vil også denne gongen ha fokus på å representere Fitjar IL Fotball på ein framifrå måte, seier Ole Bergesen til slutt.