Endeleg klarte A-laget til Fitjar å scora på bortebane, og dermed fekk dei med seg tre poeng heim, etter 3-1 over Djerv på Møhlenpris onsdag kveld.

Trenarane Leif D. Steensohn og Kjell Træet har vore frustrerte over manglande bortemål så langt i sesongen. – Me må snart begynna å scora på bortebane òg, var omkvedet på veg til Bergen onsdag ettermiddag. Og denne gongen losna det, på den gamle heimebanen til Helge M. Træet, som har to sesongar bak seg for Djerv. Dei løpsvillige Fitjar-gutane tok med seg instruksane frå trenarduoen ut på banen og sette standarden frå første spark på ballen.

Allereie etter 12 minutts spel låg ballen bak den gode Djerv-keeperen, Sindre S. Mehus. Og årets første bortemål var av den fine sorten. Jan Åge Tislevoll spelte framover frå midten av eigen banehalvdel. Ballen landa på hovudet til midtspiss Thomas V. Waage, som la ballen fint ned på bakken. Der kom Henrik Raunholm Kjelling stormande på eit perfekt tima løp, skleid gjennom Djerv-forsvaret og scora sikkert. Endeleg eit bortemål for Fitjar!

Oppglødde av at dei endeleg lukkast, heldt Fitjar-gutane fram i same stilen. Dei hadde god kontroll på midtbanen, og Henrik R. Kjelling på venstresida herja med oppassarane sine. Me noterte fleire feite tilbod, blant anna to fine headingar av Thomas V. Waage. Heimelaget hadde berre ein stor sjanse, og den kom etter at venstreback Bernt-Ove Maraas fekk seg ein på trynet. For oss såg det ut som ein stygg alboge, men ingen av dommarane såg det. Dermed fekk Djerv spela fram og kom til ei knallhard avslutning rett over mål.

Men det var Fitjar som hadde «trøkket». Dei spelte på det dei er gode til, spelte seg ut frå forsvar og let ballen gå i stort tempo frå mann til mann. Etter mykje fint spel blei det corner vel 10 minutt før pause. Midtstoppar Nils Ingard Tislevoll kom fram og scora sikkert på ei knallhard heading. Hans aller første mål i seriekamp for A-laget til Fitjar!

I byrjinga av andre omgang vann Djerv fleire duellar, pressa høgt, og Fitjar-spelarane begynte å spela tilbake til keeper. Derfor låg det litt i korta at det kunne komma ei redusering. Lagkaptein Øyvind Fykse Lie tapte ein duell midt på eigen banehalvdel, og blei snytt for eit klart frispark. Djerv spela gjennom til Said Sasinovic, som scora sikkert. For oss såg det ut som om han var i offside, det same meinte Fitjar-forsvaret. Men målet blei godkjent.

I denne perioden av kampen kunne det lett blitt fleire mål til Djerv. Dei fekk betre plass på midtbanen og vann mange duellar. Midt mellom fine forsøk av Øyvind Fykse Lie og Thomas V. Waage kom dei kjapt gjennom fleire gonger. Farlegast var det då dei kontra etter eit fint forsøk av Thomas, men heldigvis blei Fitjar berga av ein vaken Oddgeir Træet som kom ut på 16-meteren og klarerte. I tillegg vinka assistenten på linja for offside, men det var nok feil …

Djerv heldt fram med å pressa høgt, og kom til fleire stygge sjansar. Og midt i omgangen låg ballen på nytt i Fitjar-målet, etter dødball. Men dommaren annullerte scoringa, Fitjar-spelaren som var sistemann på ballen fekk ein klar dytt, så avgjerda var nok korrekt. Og rett etterpå fekk Fitjar straffe etter hands inne i Djerv-feltet. Truleg ei korrekt avgjerd, for me såg ingen protestar. Lagkaptein Øyvind Fykse Lie let ikkje høvet gå frå seg til å avgjera kampen for Fitjar. Han la den gode Djerv-keeperen fint til eine sida og skaut kontrollert i mål ved motsett stolpe.

Dermed var kampen avgjort, og Fitjar hadde god kontroll dei siste 20 minutta. Berre ein særs god Djerv-keeper hindra Fitjar i å scora fleire mål. Både Henrik Raunholm Kjelling og Thomas V. Waage hadde fine forsøk. Men 3-1 på bortebane er eit flott resultat for Fitjar-gutane, som har all grunn til å vera fornøgde med gjennomføringa av kampen. Med unnatak av ein periode tidleg i andre omgang var dette ein solid gjennomført kamp av Fitjar. Og endeleg tre fullt fortente poeng på bortebane.

Etter onsdagens trepoengar i Bergen, er Fitjar bra plassert midt på tabellen i 4. divisjon. Det er framleis ein viss avstand ned til botnstriden. Torsdag i neste veke kjem eit poengfattig Bremnes til Fitjar Idrettspark, eit skikkeleg prestisjeoppgjer.