Travle fitjarnissar i kulturskulen gjer seg klare til framsyning. Foto: Kjetil Rydland.

I neste veke kan publikum gle seg til framsyninga «Fitjarnissane feirar jul», med elevar frå Fitjar kulturskule.

Nisseregissør Ole André Westerheim fortel til Fitjarposten at me kan venta oss ein liten time med humor og god, gammaldags julestemning for store og små.

Han har laga teksten til stykket «Fitjarnissane feirar jul», saman med dramaelevane i Fitjar kulturskule. Musikken består av kjende og kjære julesongar.

Regissør Westerheim fortel at framsyninga vil visa breidda i kulturskulen sitt arbeid, med nesten 50 elevar frå dans, song og visuelle kunstfag, i tillegg til 14 musikantar frå Fitjar Skulekorps.

Denne helga er nesten 50 fitjarnissar travelt opptekne med å førebu framsyninga, som blir sett opp i Kultursalen, FKIB, tysdag og onsdag i neste veke.

i stykket «Fitjarnissane feirar jul» er det mykje god julestemning, lovar Ole André Westerheim. Foto: Kjetil Rydland.
Katarina Maraas er klar for rolla som nissefar. Foto: Kjetil Rydland.
Nina Aarbø Olsen og elevane på visuelle kunstfag lagar kulissar. Foto: Kjetil Rydland.