Parkeringsplassen ved Olstjødno var nesten full laurdag føremiddag. Foto: Kjetil Rydland.

I desse spesielle koronatidene har me god tid til å nyta naturen, og mange fitjarbuar har nytta det fine turvêret i helga til å koma seg ut.

Før helga kom Fitjar kommune med restriksjonar når det ferdsel i fjell og utmark, men me har ikkje på nokon måte fått råd om å ikkje gå ut. Og retteleg mange har nytta turvêret, kanskje spesielt i det strålande solskinet i går.

To turgåarar som held forskriftsmessig avstand. Foto: Kjetil Rydland.

Parkeringsplassen ved Olstjødno var nesten heilt full, og folk drog oppover mot Kidno, Svartavatnet og vindparken i Midtfjellet. Dei fleste såg ut til å respektera råda frå Folkehelseinstituttet om sosial distansering for å hinda smittespreiing. Enkelte gjekk nærmare kvarandre enn to meter, men me vonar og trur det må vera familiar som bur saman.

Gapahuken ved Kidnavatnet var godt avsperra. Foto: Kjetil Rydland.

Gapahuken ved Kidnavatnet var – til liks med dei andre gapahukane på Stordøya – tydeleg avsperra. Ingen såg ut til å bryta sperringa, og dei fleste me møtte passa på å halda om lag to meters avstand. Så me vil tru gårsdagens tur berre var av det gode.

I dag har det vore ein litt sur kald vind, men det var lunt og fint i skogen. Ved Rydlandssago var parkeringsplassen full, og folk trekte mot Morkavatnet, Barlindedalsvatnet og Prestavarden. Litt luftig var det på toppane, blir det meldt.

Underteikna søkte skogens lune ro i området mellom Tislavoll og Rydland. Lunt og fint var det derimot ikkje på Mehammarsåto; det kan John Karsten Raunholm stadfesta. Der oppe var det ikkje berre «trekkfullt» og kaldt, men direkte farleg på det glatte underlaget.

Me legg ved link til ein video som viser kvifor Raunholm ikkje vil anbefala den luftige turen til Stordens tak.