Åtteåringane spelar minihandball på Fitjar. Foto: Privat.

Søndagen har blitt brukt til handball både heime og borte. I Fitjar kultur- og idrettsbygg har det vore ein travel dag med minihandball, og dagen blei avslutta med ein fin kamp av dei vaksne damene våre.

Heile føremiddagen var idrettshallen åstad for minihandball. Laga frå Stord, Solid, Tysnes, Kvinnherad og Fitjar spela heile 16 kampar utover dagen. Fitjar var representert med 15 jenter, fordelt på tre lag. Jentene på J15-laget til Fitjar sat i sekretariatet, dømte kampar og stod i kosken.

Samstundes var 12-årslaget til Fitjar på Vikahaugane og tapte for Stord.

Her er nokre av dei kjekke og gode hjelparane i handballgruppa. Foto: Privat.
Åtteåringane i aksjon i dag. Foto: Privat.

Handballdagen blei avslutta med at damelaget møtte BSI 2 til seriekamp. Fitjardamene ligg heilt nedst på tabellen i 5. divisjon avd. 01 med sine to poeng. Men det var det ingen som kunne sjå då dei møtte topplaget i dag. Dei la ned ein kjempeinnsats og følgde motstandarane nesten til døra.

Denne gongen sprakk dei på ingen måte i andre omgang, og resultatat blei respektable 19-23, etter 9-12 ved pause. I byrjinga av andre omgang var Fitjar endå til oppe på uavgjort 12-12. Andre omgang tapte dei berre med eitt mål. Toppscorar for Fitjar denne gongen blei Emilie Aaserud Hystad med sju mål.

Fitjar sitt lag mot BSI 2 (mål i parenes): Mariell Stølås (k), Lisbeth T. Nesbø, Helene Rimmereid, Anita Haugland (3), Maria Grastveit Larsen (3), Emilie A. Hystad (7), Charlotte Ayoe Levåg (2), Ingvild Rimmereid (1), Anna Thorland, Monica Våge Helland (3).

- Annonse -