Fitjar IL gjennomførte i dag den årlege familiefjelldagen, med start frå Vassverket, sjølv om vêret var dårleg.

-Det såg ut til å verta ein sur tur på fjelldagen, men som vanleg såg det verre ut i frå sofakroken enn når me kom oss ut i bushen. Godt frammøte sjølv om det var litt grått og litt vind, fortel Øyvind Skålevik, og legg til at borna gjennomførte båt-smiing og båtrace, turorintering, lengdehopp og forskjellege naturstispørsmål.

Premiering vart det til alle, og dei som var med, angra ikkje på det. God varme i bålgryta, til både pølsegrilling og kaffi på kjelen, gjorde godt.