Fitjar tapte søndag ettermiddag 2 – 4 mot Fyllingen 2, og manager Agnar Aarskog legg ikkje skjul på at han er litt skuffa.

–Me var altfor daffe i 1. omgang. Litt betre vart det etter pause. Då hadde me nokre gode sjansar. Men dette kan me ikkje seia oss nøgde med, seier Aarskog.

Målskårarar for Fitjar var Åsmund Sørfonn og Kjell Magne Halleråker.