Anne Britt. Foto: Håkon C. Hartvedt

Dei fleste fitjarbuar kjenner til NOVO i Øvrebygda. Den vesle driftsbygninga husar i dag eit tomannsfirma som har spesialisert seg på å lage trapper.

Det er ekteparet Anne Britt Dahle Malkenes og Sveinung Malkenes som driv bedrifta i dag, etter at drifta vart teken opp igjen i byrjinga av 1990-åra. Då hadde det berre vore hobbydrift i lokala i 20 år.

Det var far til Sveinung Ingvald Malkenes, saman med nokre andre, som starta opp arbeid i dette lokalet i 1953.

-Den gongen lagde ein alt mogeleg, og det meste var gjort for hand, seier Sveinung som fortel at sjølv om maskinane i dag gjer grovarbeidet, gjer dei mykje handarbeid i dag òg. –Me lager trapper på mål. Litt på gamlemåten slik dei gjorde det før. Slik kan me gje produkta eit personleg preg. I utgangspunktet lager vi trappene, for det er trapper det handlar om no, nett slik kunden vil ha dei , legg han til.

Sjølv om det berre er Anne Britt og Sveinung som er tilsett i firmaet, og dei derfor kan leggje opp dagen som dei sjølv vil, går dei stort sett vanlege arbeidsdagar.

-Me prøver å gje oss kl. 15:30, smiler dei. 

Anne Britt. Foto: Håkon C. Hartvedt

Sveinung. Foto: Håkon C. Hartvedt
Sveinung. Foto: Håkon C. Hartvedt

Ein liten detalj. Foto: Håkon C. Hartvedt
Ein liten detalj. Foto: Håkon C. Hartvedt