Det var «tjåka» fult med folk og trongt om plassen under den fargerike familiedagen som vart arrangert i og rundt Fitjar kultur- og idrettsbygg søndag ettermiddag.

Programmet var rikhaldig og inneheldt både «frie» aktivitetar og ulike programpostar.

Fitjar kulturkontor stod som arrangør i samarbeid med idrettslaget si handballgruppe og barne- og ungdomsarbeidarlinja ved Fitjar vidaregåande skule. Sistnemnde stilte mellom anna som ulike kjende figurar. Møtet med Kaptein Sabeltann, Ole Brumm og dei andre figurane gjorde dagen akkurat passe spennande og kjekk for mange av dei yngste. Teateret med Rocketrollet og Rosetrollet var og populært, og ungane song godt med på rockesongen. Elles var det skattejakt, politibil, ansiktsmaling, fiskedam, eventyrstund, teiknekrok, leikar, quiz, origamibretting og idrettsaktivitetar. Arrangementet varde i mange timar og dei som vart svoltne under vegs kunne kjøpa seg både saltmat og søtmat i kiosken. I idrettshallen var det oppvising ved Fitjar idrettslag og Fitjar karatesenter. Men mest populært av alt var hoppeslottet med sklia, som stod på utsida av huset. Mange ungar hadde ikkje auga for noko anna enn det store luftslottet.

Utpå ettermiddagen var det konsert og danseoppvising i kultursalen. Over hundre ungar var aktive på scenen, og gav publikum ein fantastisk smak av det rikt blomstrande kulturlivet i bygda. Programmet var variert med alt frå korpsmusikk til rock, pop, klassisk, gospel og ulike danseartar. For første gong synte dei nystarta dansegruppene seg fram i storstova til Fitjar. Fire ulike grupper var i sving med jenter frå 1. til 10. klasse. Det var ei fryd å sjå elegansen dei hadde utvikla og oppleva dei fint koreograferte danseinnslaga. Før konserten vart avslutta med at UKM-deltakar Ingvild M. Oma framførde songen sin, fylte dei sjarmerande unge songarane i Fitjar barnegospel salen med fantastisk songglede.

Det var trongt om «saligheten» denne dagen, både i foajen der mykje skulle skje og i kultursalen. Nokre foreldre opplevde det som kaotisk og nokre ungar kom vekk frå foreldra sine, men dei fleste syntes det var heilt topp med så mange folk og at Fitjar nok ein gong fekk til å arrangera noko som var så populært og som samla ikkje berre innanbygsdfolk men og tilreisande frå Stord og Bømlo.

Familiedagen vart avslutta med kino, først for dei små og så for dei eldre.

Til dei ungane som stod igjen og grein høglytt då lufta vart sleppt ut av hoppeslottet utpå ettermiddagen, kunne primus motor for arrangementet, kultursjef i Fitjar Bente Bjelland, lova at dette nok vert ein årleg tradisjon og at det vert nye høve neste år både til å hoppa i hoppeslottet og å delta på andre kjekke aktivitetar.