Tranebær i blomst i Hellandsmarkjo. Foto: Kjetil Rydland.

No står tranebærlyngen i blomst, men bæra er ikkje etande før etter første frostnatta i haust.

– Bæret er vanleg både i låglandet og til fjells, skriv Kristen Sørheim i i boka Floraen på Stord (1969).

På ei myr i Hellandsmarkjo står denne fine tranebærtua. Foto: Kjetil Rydland.

Det er kanskje å ta litt hardt i, for det er slett ikkje kvar dag me kjem over tranebær. Men det finst to slag tranebær på Stordøya, stortranebær (oxycoccus quadripetalus) og småtranebær (oxycoccus microcarpus).

Skilnaden på dei to artane er så liten at du må vera meir enn ekspert for å sjå den. Jan Rabben fortel at det kan vera litt av eit detektivarbeid å bestemma kva art det er. Då han arbeidde med boka Ville blomar i Sunnhordland, tok han eit bilete som gjekk i skytteltrafikk mellom botanikarar før ein spesialist endeleg kunne slå fast at det var stortranebær. Samanlikna med tytebær er småtranebær litt mindre, medan stortranebær er litt større.

Tranebær oppe ved Svartavatnet i oktober i fjor. Foto: Kjetil Rydland.

Namnet tranebær skal ha oppstått hos nybyggjarar i Nord-Amerika som syntest at cranberry-blomen likna på eit tranehovud, skriv Jan Rabben. Ifølgje Kristen Sørheim kan det koma av folk såg traner som åt bæret om våren.

Tranebær er ganske forskjellig frå dei andre bærlyngane, der det kryp bortover mosemyrane. Stilken er tynn og raudbrun med toårige tjukke, blanke blad. Blomen er raudleg og lagar eit grønt bær som vert raudt og surt utover hausten. Fyrst etter frosten er det godt å eta, og då inneheld det benzosyre.

I Canada og Aust-Europa blir det dyrka tranebær. I folkemedisinen har det blitt brukt mot skjørbuk, forkjøling, feber, blærekatarr og andre sjukdommar og plager.

Denne trana er ikkje på bærtur. Foto: Kjetil Rydland.

 

- Annonse -