Eit vogntog hamna i grøfta og rulla rundt, nokre kilometer sør for  Sandvikvåg, tidlegare i dag.

Haugaland og Sunnhordland politidistrikt opplyser at det ikkje var andre køyretøy innblanda i ulukka. Det eine køyrefeltet er no stengt, og dei køyrande blir dirigert forbi området. Sjåføren vart køyrt til Stord Sjuekehus for sjekk, men skal ikkje vera hardt skadd.

- Annonse -