Stormen skaper problem for trafikken både på sjø og land.

Ferja Halhjem-Sandvikvåg har gått som normalt, medan fleire ferjeavgangar frå og til Husavik i Austevoll har blitt innstilte. I sør er både Bømlabrua og Stordabrua stengde.

E39 har vore stengt mellom Heiane og Jektevik på grunn av fleire tre som har falle over vegen. Fv. 545 på vestsida av Stordøya har vore open heile tida. Men i skogen ca. 1 km sør for Joker-butikken på Rydland sperra ei rotvelta bjørk lenge det eine kjørefeltet. Heldigvis fekk me tak i ein mannn med motorsag i bilen, slik at me fekk fjerna bjørka før det skjedde ei ulukke.

Me prøver å følgja med på stormen og eventuelle farlege situasjonar, men til dei som ikkje kan venta på nye meldingar frå oss, foreslår me nettsida til NRK Hordaland.