Politiet mottok ein telefonsamtale frå ein mann i byrjinga av 20-åra som hadde køyrt av vegen med en ATV på Fv.75 ved Nesbøholmane i Fitjar kommune.

– Mannen hadde hatt ein kamerat med som passasjer. Dei hadde gått rundt fleire gonger og var begge skadd.

– Politiet rykte ut saman med brannvesenet, ambulanse og luftambulanse. Til alt hell virka det som om verken førar eller passasjer hadde fått alvorlege skadar.

Dei er brakt til Stord sykehus for sjekk. Det er mistanke om at førar har vore påvirka av alkohol. Nødvendige prøver er sikra og melding skrive. Saka vert følgt  opp av Stord lensmannskontor, opplyser operasjonsleiar Jarle Utne-Reitan i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.