Politiet fekk i natt melding frå fleire trafikkantar om at det låg ein moped i botnen av Bømlafjordtunellen.

Det var observert blodspor i vegen og politi og ambulanse vart sendt til staden. I tunellen fann dei ein 38 år gamal mann med hovudskader, og som hevda at han hadde vorten påkøyrd. Politiet får ikkje påkøyrsle til å rima, og hadde mistanke om ruspåverknad. Det vart teke naudsynte blodprøvar og mannen vart køyrd til Stord sjukehus i ambulanse, melder operasjonsleiar Tore Frøyland-Jensen ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.