Ein mann på rundt 60 køyrde av vegen, og personbilen han køyrde hamna på taket eit stykke nedanfor vegbanen på Hovland i dag.

Mannen krabba lukkelegvis uskadd ut av bilvraket og i følgje meldaren som meldte fra om ulykka har han vore utruleg heldig.

Bilføraren har forklart at han like før uhellet fekk skakingar i bilrattet, og at bilen deretter skar ut av vegen på høgre side.