To bilar skal ha frontkollidert på Grov i kveld. Skadeomfanget er enno ikkje kjent.

– Det var klokka 18.25 at politiet fekk melding om eit trafikkuhell på E39 ved avkjørsla til Grov på Stord, melder operasjonsleiar Trond Olav Friberg ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Det var først indikasjonar på at det var ein front til front-kollisjon, men politiet seier no at ein bil køyrte i fjellveggen og vart så påkøyrt av ein annan bil.

– To barn er frakta til sjukehus, men det er ikke kjent at det er alvorleg personskade, fortel han til bt.no.

Det vert meldt om glatte vegar i området grunna underkjølt regn.